page view image

Nils Økland og Sigbjørn Apeland Konsert

Sigbjørn Apeland (trøorgel og piano) og Nils Økland (feler) er to markante musikarar som har hatt eit tett samarbeid over eit langt tidsspenn, og har saman skapt ei musikalsk uttrykksform som spenner svært vidt.

Information
event image

Konsert med Nils Økland og Sigbjørn Apeland 

Ølen Kyrkje tysdag 5. november kl. 19.00


Sigbjørn Apeland (trøorgel og piano) og Nils Økland (feler) er to markante musikarar som har hatt eit tett samarbeid over eit langt tidsspenn, og har saman skapt ei musikalsk uttrykksform som spenner svært vidt.

Sigbjørn Apeland kom til Ølen som nyut­danna organist i 1988, var tilsett fram til 1992, og hadde ein spennande musikalsk bagasje med seg, med røter både innan tradisjonell klassisk musikk og fri improvisasjonsmusikk. Uvanlege og spennande klangar kunne fylle Kyrkjerom­met på konsertar han arrangerte i denne tida. Innsamling av lokal folkemusikk var eit anna felt som står igjen som eit svært verdfullt arbeid som Sigbjørn gjorde. Kyrkeorganist og etnomusikolog-doktor Sigbjørn Apeland har sitt daglege virke ved Griegakademiet, og har medverka på nær 60 plater.

Nils Økland er klassisk utdanna fiolinist, men er og ein særs dyktig utøvar på hardingfele. Han har skapt si eiga, svært personlege uttrykksform der folkemusikk og improvisasjon er viktige element.

jubileum ølen kyrkje 150år nils økland sigbjørn apeland salmer