page view image

Svein Tindberg «Som skrevet står»

Me feirar ei ny opusa kyrkje, i anledning 150 år sidan kyrkja vart reist.

Informasjon
event image

«Som skrevet står» - ved Svein Tindberg

Ølen kyrkje søndag 3. november kl 19.00.


Dette vert ein kveld med litt glimt i auga, mykje latter i kyrkja, men også reine bibeltekster.

«Som skrevet står» er ei ny framsyning, spesielt tilrettelagt for kyrkjerommet, med høgdepunkt frå Tindbergs tidlegare framsyningar «Apostel-gjerningane», «Markus», «Abrahams barn» og «Gudspartikkelen». Svein Tindberg er skodespela­ren som har levandegjort det kristne evangeliet for fleire hundretusenvis av menneske, og det ved berre å ta i bruk dei bibelske tekstane og sine eigne opplevingar, si leiting, sin tvil og si tru. Han tar også publikum med litt «bak kulis­sane». Du får sjå korleis han som kunstnar og teatermenneske nærmar seg desse tekstane. «Det er lov å leike litt med bibeltekstane og sjå kva som faktisk står», har han uttalt.

jubileum ølen kyrkje 150år svein tindberg ølen kyrkja 150år