Språk
Hjelp
© TicketCo AS 2024.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
«Som skrevet står» - ved Svein Tindberg
Ølen kyrkje søndag 3. november kl 19.00.
Dette vert ein kveld med litt glimt i auga, mykje latter i kyrkja, men også reine bibeltekster.
«Som skrevet står» er ei ny framsyning, spesielt tilrettelagt for kyrkjerommet, med høgdepunkt frå Tindbergs tidlegare framsyningar «Apostel-gjerningane», «Markus», «Abrahams barn» og «Gudspartikkelen». Svein Tindberg er skodespelaren som har levandegjort det kristne evangeliet for fleire hundretusenvis av menneske, og det ved berre å ta i bruk dei bibelske tekstane og sine eigne opplevingar, si leiting, sin tvil og si tru. Han tar også publikum med litt «bak kulissane». Du får sjå korleis han som kunstnar og teatermenneske nærmar seg desse tekstane. «Det er lov å leike litt med bibeltekstane og sjå kva som faktisk står», har han uttalt.